Skeltonbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeltonbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 78°41′S 161°38′E / 78.683°S 161.633°E / -78.683; 161.633
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Skeltonbreen
78°41′37″S 161°38′31″E / 78.6935°S 161.642°E / -78.6935; 161.642
Skeltonbreen is located in Antarktis
Skeltonbreen (Antarktis)

Skeltonbreen er ein stor isbre som flyt frå polarplatået og ut i Rossisen ved SkeltonfjordenHillary Coast, sør for Victoria Land i Antarktis.[1]

Oppdaging og namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Han vart kalla opp etter Skeltonfjorden av gruppa frå New Zealand under CTAE i 1956-58. Isbreen vart i 1957 vald som rute frå Rossisen til polarplatået av gruppa frå New Zealand til støtte for hovudekspedisjonen leia av Vivian Fuchs i forsøket på å verte dei første som kryssa kontinentet. Allisonbreen fell ned frå vestsida av Royal Society Range og ut i Skeltonbreen.[2] Han vart òg ein del av 2400 km og fire månadar lange ruta under kryssinga av Victoria Land 1959-1960, der ekspedisjonen drog opp Skeltonbreen frå Rossisen for å gå djupt inn i Victoria Land for første gongen til den franske kryssinga av Adelie Land nær Dumont d'Urville-stasjonen på George V Coast, og så til Dei transantarktiske fjella i nærleiken av USARP Mountains.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skeltonbreen». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. januar 2014. 
  2. «Allisonbreen». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. januar 2014. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]