Skepi
Utsjånad
Skepi | ||
Klassifisering: | Kreolspråk Nederlandske kreolspråk
| |
Bruk | ||
Utdøydd: | I 1998 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | skw | |
Glottolog: | skep1238
|
Skepi var eit kreolspråk basert på zeeuws som vart brukt i området rundt Essequibo i Guyana. Skepi-språklege og berbice-nederlandskspråklege kunne ikkje forstå kvarandre.
Språket vert rekna som utdøydd, den siste som snakka språket døydde i 1998. Guyana er ein tidlegare nederlandsk koloni der Det nederlandske austindiakompaniet dreiv handel med plantasjeeigarar frå Zeeland. Språket vart brukt av slavar frå desse plantasjane og etterkommarane deira.
Døme
[endre | endre wikiteksten]- Ek we stekkie brot
- Nederlandsk: Ik wil een stukje brood
- Norsk: Eg vil ha ei skive brød
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skepi» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2015.