Ski i Akershus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ski
tettstad
Land  Noreg
Fylke Viken
Kommune Ski
Areal 9,37 km²
Folketal 20 836  (2022)
Folketettleik 2 224 / km²
Innbyggjarnamn skiung
Preposisjon Ski
Kart
Ski i Akershus
59°43′8″ N 10°50′7″ E
Wikimedia Commons: Ski, Nordre Follo

Ski er ein by i Nordre Follo kommune i Viken.

Staden var administrasjonssenter i Ski kommune i Akershus fylke med 20 836 innbyggjarar per 1. januar 2017. Tettstaden er eit viktig service- og kommunikasjonssentrum i Follo-regionen. Ski har det største handelssenteret i Follo, med kontor for Indre Follo tingrett, arbeidskontoret i Follo og Follo politikammer. Staden har sjukehus og psykiatrisk poliklinikk, Frambu helsesenter for sjeldne funksjonshemninger. Ski har vidaregåande skolar og LO-skolen på Sørmarka. Avisa Østlandets Blad kjem ut seks dagar i veka.

Ski svarar til sokna Kråkstad og Ski i Kråkstad prestegjeld, og Langhus sokn og prestegjeld, Follo prosti i Borg bispedømme, Ski lensmannsdistrikt i Follo politidistrikt og høyrer under Follo tingrett. Ski fekk bystatus i 2004, etter vedtak av Ski kommunestyre, og er den største tettstaden i Akershus utanom tettstaden Oslo.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]