Ski er òg namnet på administrasjonssenteret i kommunen. Ski fekk sommaren 2004 bystatus, og er eit knutepunkt for jarnbanen i Oslo-området. Ski er regionsenter for Follo-området.
Ski kjem frå den gamle forma Skeidi. Skeidi er igjen ei avleiing av ordet skeid, som tyder ein stad der ein held kappløp eller kappriding. Ski kommune har hestehovud i sitt kommunemerke.
Kommunen har tettstadane Ski (om lag 12000 innbyggjarar), Langhus (15000), Kråkstad (2000) og Siggerud (1000).