Skien kommune
| Skien kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Telemark | ||
| Adm.senter | Skien | ||
| Areal | 779 km² | ||
| • land | 722 km² | ||
| • vatn | 57 km² | ||
| Folketal | 56 906 (1. januar 2026) | ||
| Målform | Nøytral | ||
| Ordførar | Marius Roheim Aarvold (H) | ||
| Kommunenr. | 4003 | ||
![]() Skien kommune 59°12′29″N 9°33′10″E / 59.208061111111°N 9.5527805555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Skien | |||
| Nettstad: www.skien.kommune.no | |||
Skien kommune (uttalt /²ʃeːen/ [²ʃeːɛn̻]) er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar til Midt-Telemark og Kongsberg i nord , Siljan i aust, Porsgrunn og Bamble i sør, og til Drangedal og Nome i vest. Byen Skien er ein av dei eldste byane i Noreg, og har røter attende til år 900.
Kommunen har ei flatevidd på 778 km², der om lag 479 km² er skogareal, 46 km² jordbruksareal og 57 km² ferskvatn. Dei 197 km² som er igjen er byområde, bustadområde og industriområde.
Det eldste bygget i kommunen er Gjerpen kyrkje, bygd før 1150. Det høgaste punktet er Skårrafjellet, 814 moh.
Tilknytte Skien
[endre | endre wikiteksten]Henrik Ibsen vart fødd i Skien i 1828 og budde i Skiensområdet til han var 16 år. Den store diktaren har gjeve namn kulturhuset i byen, Ibsenhuset.
Odds Ballklubb er ein av dei eldste fotballklubbane i landet, stifta i 1894.
Kjende personar frå Skien
[endre | endre wikiteksten]- Henrik Ibsen (1828-1906), forfattar og dramatikar
- Hjalmar Johansen (1867-1913) polfarar og idrettsmann
- Tor Åge Bringsværd (f. 1939), forfattar
Verdt å sjå
[endre | endre wikiteksten]Bydelar
[endre | endre wikiteksten]Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Skiensdialekten
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt talemål i det området som no ligg innanfor grensene av Skien kommune, er variantar av grenlandsmålet, som blir klassifisert mellom dei vikværske dialektane.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Skien kommune
- Heile Skienssongen i tekst og lyd. Arkivert 2005-04-28 ved Wayback Machine.
59°12′26.9″N 9°36′37.9″E / 59.207472°N 9.610528°E

