Hopp til innhald

Skifergloauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skifergloauge
Foto: Joao Quental
Foto: Joao Quental
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av Skifergloauge
Utbreiinga av Skifergloauge
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Rhopornis
Art: Skifergloauge R. ardesiacus
Vitskapleg namn
Rhopornis ardesiacus

Skifergloauge (Rhopornis ardesiacus) er ein langhala, mellomstor og særs habitatspesialisert maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae som er endemisk for austlege Brasil. Han er monotypisk i slekta Rhopornis og det er ikkje skildra nokon underartar.

Hofugl

Arten er relativt stor til maurfugl å vere, med ei kroppslengd på 18–19 cm og ei vekt på 23–28 gram. Begge kjønn har karakteristiske raude auge. Hannen har grå overside og hovud, med mørkegrå venger og stjert. Vengdekkfjørene har kvite spissar, og det grå ansiktet har ein lysare mustasjeflekk. Strupen er svart, og undersida er bleikgrå med mørkare flankar og undergump. Hoa liknar, men har rustbrun isse og nakke, kvit strupe og elles lysare underside. Oversida er som hos hannen.[1]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Førekomsten er svært avgrensa og flekkvis fordelt i søraustlege Bahia og nordaustlege Minas Gerais. Arten er knytt til tørr lauvskog – lokalt kalla mata-de-cipó – med ope undervegetasjon og innslag av store terrestriske bromeliadar – planter i ananasfamilien. Han finst også i overgangssoner mot fuktigare skogstypar og caatinga krattskog.[1] Leveområdet ligg mellom 100 og 1000 meter over havnivå.[2]

Åtferd og økologi

[endre | endre wikiteksten]

Skifergloaugen er standfugl og knytt til tett undervegetasjon. Søk etter føde skjer hovudsakleg ved bakken og opp til 4 meter over, sjeldnare opp mot 7 meter. Arten søkjer føde åleine, i par eller i familiegrupper, og rører seg gjennom vegetasjonen med korte hopp samstundes som han vippar med stjerten. Byttet – ulike insekt og edderkoppar – vert fanga ved plukking frå lauv, ved hopp, å strekkje seg eller ved å søkje i daudt lauvverk i bromeliadar.[1] Dei kan óg følgje vandremaur.[3]

Hekkesesongen strekkjer seg truleg frå oktober til februar. Eit dokumentert reir var koppforma, bygd av tørre blad og slyngplantar, plassert lågt på eit blad som bøygde seg ned mot bakken. Reiret inneheldt to bleikrosa egg med raude flekker. Begge foreldra rugde; rugetida var minst 13 dagar.[1]

Songen er ein serie med 7–9 skarpe pir-tonar utan pausar, stigande i intensitet. Begge kjønn syng, og hoa går ofte inn i songen medan hannen syng. Anna læte inkluderer eit lågt «brrt», eit skarpt «sip», mjuke klapringar og korte trillarar som saktar ned mot slutten.[1]

Trugsmål og vern

[endre | endre wikiteksten]

Verdas naturvernunion, IUCN, har sidan 1994 vurdert arten som sterkt truga. Han har eit utbreiingsområde på ca. 20 000 km², reelt mindre enn 500 km² i bruk med kjente førekomstar på få lokalitetar. Populasjonen er estimert til 600–1700 kjønnsmodne individ, færre enn 2500 medrekna ungfuglar, og er minkande. Hovudtrugsmåla er avskoging for beite og vedproduksjon, særleg i Bahia der tørr skog er redusert til spreidde restar. Mange attverande skoglappar er sterkt påverka av husdyrbeite og lite eigna som habitat. Skifergloaugen finst i nasjonalparken Boa Nova, men fleire verneområde – særleg i Minas Gerais – vert rekna som nødvendige for å sikre at denne arten.[1][3]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Zimmer, et al (2020)
  2. van Perlo, Ber (2009). A Field Guide to the Birds of Brazil. New York: Oxford University Press. s. 254–255. ISBN 978-0-19-530155-7. 
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2016). «Slender Antbird Rhopornis ardesiacus». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22701706A93845408. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22701706A93845408.en. Henta 19. mai 2025. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Skifergloauge