Skiftun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Skiftun

Skiftun er ei bygd på vestsida av halvøya Jøsneset i Hjelmeland kommune. Bygda, som er den mest folkerike på Jøsneset, vender mot Ombofjorden. På Skiftun er det barnehage, barneskule og gravplass med kapell.

Fylkesveg 656 går gjennom bygda og møter Riksveg 13 ved ferjestaden Nesvik, to kilometer sør for bygda. I tidlegare tider var det anløp av rutebåt, bygdefolket hadde då 43 km sjøveg til Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960