Skiljet mellom fonologi og andre disiplinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skiljet mellom fonologi og andre lingvistiske disiplinar. Fonologien grensar i fyrste rekkje mot fonetikk og morfofonologi, og grenseoppgangen er vanskeleg og omdiskutert.

Skiljet mellom fonetikk og fonologi[endre | endre wikiteksten]

Skiljet mellom fonologi og fonetikk er problematisk og omdiskutert, både frå ein teoretisk og praktisk synsstad.[1] Fonologisk forsking byggjer på kunnskap frå fonetikken, og fonetisk forsking byggjer på kunnskap frå fonologien. Fonologien, studiet av lydsystemet i eit språk, er umogeleg utan inngåande kunnskap om korleis lydane i systemet blir produserte og persiperte. Fonetikk handlar primært om utforsking av lydar som er ein del av lydsystemet i eitt eller fleire språk. To av dei fremste fonetikarane i verda, Peter Ladefoged og Ian Maddieson, gav i 1996 ut boka The Sounds of the World's Languages, der dei med metodar frå artikulatorisk fonetikk og akustisk fonetikk lagar eit oversyn over alle lydar som er ein del av det fonologiske systemet i eitt eller fleire språk i verda.[2] Boka drøfter fenomen som ligg i skjeringspunktet mellom fonetikken og fonologien. Den amerikanske lingvisten John J. Ohala er mellom dei som har uttrykt seg mest skeptisk om kor fruktbart det er å halde ved lag skiljet mellom fonetikk og fonologi.[3]

Opphavet til skiljet[endre | endre wikiteksten]

Ideen om at det vitskaplege studiet av språklydar skal delast mellom to disiplinar, fonologi og fonetikk, har røter i strukturalistisk lingvistikk, som byggjer på den førestillinga at språksystemet er form, ikkje substans.[4]Substansen er i utgangspunktet ein «amorf masse» som språket gjev form. Ein meinte fonologi handla om såkalla form, medan fonetikken handla om substans. I dette perspektivet er ikkje fonetikken i det heile ein lingvistisk disiplin, fordi han presumptivt har substansen som studieobjekt. Mellom anna ved fleire norske universitet blir det halde kurs med namn som «fonetikk og språkvitskap», som opphavleg reflekterer denne tankegangen.
Mellom forskarane som har framheva substansens tyding i fonologien, er den nederlandske lingvisten Nicolaas van Wijk[5] (1880-1941) og dei som arbeider med bruksbasert fonologi.

Skiljet mellom fonologi og morfofonologi[endre | endre wikiteksten]

Jamfører ein ulike fonologiske teoriar, oppdagar ein ei grunnleggjande usemje om tilhøvet mellom fonologi og morfofonologi. Morfofonologi kan kort definerast som studiet av fonemisk variasjon i forma på morfem. I strukturalistisk fonologi blir morfofonologien sett på som ein eigen disiplin mellom fonologien og morfologien, medan generativ fonologi primært skil seg frå strukturalistisk fonologi ved at skiljet mellom fonologi og morfofonologi er oppheva.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. P. H. Matthews 2005.The Concise Oxford Dictionay of Linguistics. Oxford: Oxford University Press.
  2. Peter Ladefoged og Ian Maddieson 1996. The Sounds of the World's Languages. Oxford: Blackwell.
  3. J.J. Ohala 1991. The integration of phonetics and phonology. Proceedings of the XIIth International Congress of Phonetic Sciences, Aix-en-Provence, 19-24 Aug. 1991. Vol. 1, pp. 1-16.
  4. Ferdinand de Saussure 1916. Cours de linguistique générale. Publié par Charles Bally et Albert Sechehaye ; avec la collaboration de Albert Riedlinger. Paris: Payot.
  5. Nicolaas van Wijk 1939. Phonologie: een hoofdstuk uit de structurele taalwetenschap. 's-Gravenhage: Nijhoff.