Skilling species

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
1 skilling, frå 1816. Koppar. Advers til venstre. Revers til høgre

Skilling species er ein norsk skillingsmynt som vart utmynta frå 1816 til 1875. Det gjekk på denne tida 120 skilling species på ein spesidalar, og 24 skilling species på ein ort.

I sølvverdi tilsvarte skilling species den skillingen som vart utmynta på 1700-talet. Ein riksdalar kurant hadde ein offisiell verdi på 80 % av ein riksdalar specie, og på 1700-talet gjekk det 96 skilling på ein riksdalar kurant, mens det etter 1816 gjekk 120 skilling på ein spesidalar.

Ved overgangen til kronemynt, skulle ein skilling tilsvare 3 1/3 øre.

Valørar[endre | endre wikiteksten]

Under Karl II, som i Sverige vart kalla Carl XIII og derfor brukte initialane C XIII, vart det utmynta einskilling i kopar og åtteskilling i sølv. Under Karl Johan, med initialane C XIV JOH, vart det i tillegg utmynta halvskilling og toskilling i kopar, toskilling i sølv, fireskilling i sølv og tjuefireskilling eller ortmynt i sølv. Med Karl IV (C XV) kom treskilling og tolvskilling i sølv.

Myntane hadde på reversen teksten «SKILLING SPECIES» til 1824, sidan «Sk», «SKILLING» eller «SKILLING SKILLEMYNT». Myntane som var prega under Oskar II i 1874 og 1875, hadde verdien oppgitt i både skilling og øre: «10 øre/3 skilling», «50 øre/15 skilling» og «1 krone/30 skilling».

Norsk skilling species 1816-1875[endre | endre wikiteksten]

Karl II av Noreg (C XIII)
Valør Metall Vekt Sølvvekt Utmynta med årstal
1 skilling kopar 11,68 g 1816
8 skilling sølv 3,37 g 1,68 g 1817
Karl III Johan av Noreg (C XIV Joh)
Valør Metall Vekt Sølvvekt Utmynta med årstal
1/2 skilling kopar 4,68 g 1839, 1840, 1841
1 skilling kopar 11,69 g 1819, 1820
1 skilling kopar 9,35 g 1824, 25, 27, 28, 31, 32, 33, 34
2 skilling kopar 18,71 g 1822, 24, 25, 27, 28, 31, 32, 33, 34
2 skilling sølv 1,50 g 0,37 g 1825, 1842, 1843
4 skilling sølv 3,00 g 0,75 g 1825
8 skilling sølv 3,37 g 1,68 g 1819
8 skilling sølv 1,93 g 1,68 g 1825, 1827
24 skilling sølv 7,31 g 5,06 g 1819
24 skilling sølv 5,78 g 5,06 g 1823, 1824
Oskar I av Noreg (O I)
Valør Metall Vekt Sølvvekt Utmynta med årstal
12 skilling sølv 2,89 g 2,53 g 1845, 46, 47, 48, 50, 52, 53, 54, 55, 56
24 skilling sølv 5,78 g 5,06 g 1845, 46, 47, 48, 50, 52, 53, 54, 55
Karl XV av Noreg (C XV)
Valør Metall Vekt Sølvvekt Utmynta med årstal
1/2 skilling kopar 4,68 g 1863, 1867
1 skilling kopar 5,85 g 1870
2 skilling sølv 1,50 g 0,37 g 1870, 1871
3 skilling sølv 2,25 g 0,56 g 1868, 1869
4 skilling sølv 3,00 g 0,75 g 1871
8 skilling sølv 3,37 g 1,68 g 1819
12 skilling sølv 2,89 g 2,53 g 1861, 1862
24 skilling sølv 5,78 g 5,06 g 1861, 1862
Karl XV av Noreg (C XV)
Valør Metall Vekt Sølvvekt Utmynta med årstal
3 skilling sølv 2,25 g 0,56 g 1872, 1873
3 skill/10 øre sølv 1,45 g 0,58 g 1874, 1875
12 skilling sølv 2,89 g 2,53 g 1873
15 skill/50 øre sølv 5,00 g 3,00 g 1874, 1875
30 skill/1 kr sølv 7,50 g 6,00 g 1875

Kjelder[endre | endre wikiteksten]