Hopp til innhald

Skin av Peter Hammill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skin
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve Mars 1986
Innspelt 1985
Studio Sofa Sound og The Wool Hall
Sjanger Kunstrock
Lengd 43:17
Selskap Foundry
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
The Margin
(1985)
Skin And Close As This
(1986)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]
Melody Maker(positiv)[2]
Vox(utfordrande)[3]

Skin er det 14. studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på Foundry Records i 1986 og sidan på CD på Virgin Records.

Albumet inneheld singelen «Painting by Numbers», som kom ut på både 7"- og 12"-plater. Det var den 11. og til no siste singelen til Hammill. B-sida var songen «You Hit Me Where I Live», som ikkje var med på originalalbumet. Dette sporet kom seinare ut på CD-utgåva av albumet. Ei seinare CD-utgåve på DaTE kom med to ekstra spor, «You Hit Me Where I Live» plus «Painting by Numbers» (lang versjon).

Hammill nyttar seg av Yamaha DX7 på albumet, den første kommersielt suksessrike digitale synthesizeren, eit instrument som var typisk for stilen i 1980-åra og som han framleis nyttar seg av i dag. Han brukte òg ein Emu Drumulator trommemaskin.

Alle songar av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Skin»4:18
2.«After the Show»4:20
3.«Painting by Numbers»4:01
4.«Shell»4:18
5.«All Said and Done»3:40
Side to
Nr.TittelLengd
6.«A Perfect Date»4:11
7.«Four Pails» (Chris Judge Smith, Max Hutchinson)4:26
8.«Now Lover»9:47

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound)
  • Coach, Neil Perry, Stephen Street – lydteknikarar, miksing (The Wool Hall nær Bath)
  • Paul Ridout – lydteknikar, design
  • Arun Chakraverty – mastering[4]
  1. «allmusic ((( Skin > Review )))». www.allmusic.com. Henta 29. juli 2020.
  2. «Peter Hammill Concerts». www.couchnoise.com. Arkivert frå originalen 5. februar 2012. Henta 29. juli 2020.
  3. Vox review
  4. 1 2 «allmusic ((( Skin > Credits )))». www.allmusic.com. Henta 29. juli 2020.