Skinnhyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Islandsk fiskar i skinnhyre. Skinnstakken er skrevbunden, noko som ikkje var vanleg i Noreg. Den norske skinnbroka var ikkje så lang som den islandske, som gjerne hadde saum midt under fotbladet.

Skinnhyre har vore fiskarar og sjøfarande si viktigaste utrusting mot regn og væte. Til skinnhyra reknar ein skinnstakk, skinnhatt, skinnbrok, sjøstøvlar og vevlingar kring handledda. Vottar, og klede unde skinnhyra, var av ull. Skinnhyre vart laga av lêr. Det var vanleg at fiskaren barka skinnet, skar ut delane og sydde skinnhyra sjølv. Skinnklede var tunge. Eit skinnhyre kunne vege opp mot åtte kilogram i tørr tilstand. Frå slutten av 1800-talet vart skinnkleda avløyste av ytterplagg av seglduk, oljelereft, plastikk og gummi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]