Skinnstakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nysydd skinnstakk.

Skinnstakken var ein del av fiskaren sitt skinnhyre. Han var laga av lêr, og forma som ei lukka kufte til å trekke over hovudet. Frå halsholet gjekk ein splitt ned mot brystet. Over splitten låg ein klaff som vart lukka med ein knapp. Skinnstakken rakk til vanleg ned på låret. Utsjånad, produksjon og bruk hadde mange fellestrekk langs heile norskekysten. Det var vanleg at fiskaren barka skinnet, skar ut delane og sydde skinnstakken sjølv. Skinna som kunne vere til rådvelde hadde ulike eigenskapar. Dei fleste stader vart geiteskinn rekna som best til skinnstakk. Saueskinn vart og brukt, sjølv om dei ikkje vart rekna som så vasstette. Det gjekk til vanleg fire skinn til ein stakk, to til overstykket, og to til skjørtet. Til saman gav det ei høgd på kring 80 cm. Vidda var til vanleg vel 150 cm.Skinna vart skorne slik at den sterkaste delane, bakre del av ryggen, vende mot halsopninga. Ho vart laga så trong som råd. Det vart og laga krage for å hjelpe til å stenge vatnet ute.

Skinnstakken vart helst sydd med skinnreimar. Enkelte stader vart det brukt tråd, av hamp, lin eller ull. Syreimane måtte lagast av eit mjukt skinn. Det var gjerne lite barka for at reimane ikkje skulle verte unødig stive. Ein brukte gjerne skinn frå kalv eller kje. Katte- og hundeskinn gav og mjuke og seige syreimar. Det var vanleg å sy saman skinna med enkel rad av korte forsting. Det vart stokke hol med ein syl, helst krumma,og så vart den tilspissa reima tredd gjennom hola.

For at skinnstakken skulle halde seg mjuk, måtte han smørjast ofte. Særleg var det viktig at saumane vart smurde. Dette for at dei då vart tettare, og den linnbarka syreima ikkje skulle rotne. Smurningen vart kokt av tran, smelta talg og tjøre. Det vart rekna at ein skinnstakk varde i tre år.

Parallelt med skinnstakken dregen over hovudet, vart det brukt opne skinntrøyer med knepping framme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]