Skinntrøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skinntrøya er ein springar som er mykje nytta til dans i Hallingdal og Valdres, der slåtten er kalla Skraddarlåtten, Krotakyr eller Dølehusen. Nemninga Krotakyr er frå Vang i Valdres, Dølehusen frå Bendik i Nøen. Springaren høyrer til det sentrale repertoaret i hallingdal og Valdres. Slåtten fekk namnet "Skinntrøya" etter at ei budeie dansa til slåtten utan å ta skinnkleda av (dei ho nytta i fjøset). Spelemannen den gongen var Myreguten (Ola J. Myro). Myreguten og Ola Dekko er dei sentrale kjeldene til slåtten i Hallingdal. I Valdres finst det dokumentasjon på han både i Vang og i Aurdal, noko som tyder på at springaren har vore nytta der alt på Jørn Hilme si tid eller før. Slåtten kom og til Krødsherad med Andres Vinna.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har katalognummer 504 i hardingfeleverket. Variantgruppa tel tre slåttar frå Hallingdal, tre frå Valdres og ein frå Lærdal. Formene er svært like einannan, noko som tyder på at dei alle kjem frå same kjelda. Skilnaden er at formene frå Valdres byrjar på kvinten, medan dei andre byrjar på midtstrengene. Det er rimeleg å tenkje seg at dette er ein gamal sogneslått som har funne vegen over fjellet til Hallingdal. Varianten frå Sogn har tre vek der hallingvarianten har fire. Dette fjerde veket er eit vandretak som er sams med slåtten Raske-Jørand, ein variant av springaren Jarand Skinnarland. Det er berre i Hallingdal dette taket er utvikla (som brigde mellom det opphavlege første og andre veket).

.