Skippernesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°44′8.3904″N 23°20′15.749″E Skippernesfjorden er ein fjordSørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km nordvestover til Skippernesfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Skippernesodden i nord og Nordnes i sør. Det ligg to eigedomar med nokre hus langs fjorden. Markusjord ligg på nordsida og Sætra på sørvestsida. Oterbukta er ein våg på vestsida av fjorden. Fjorden er 81 meter på det djupaste ved munningen.