Skipsførar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skipsførar er den som har den øvste myndigheit om bord på eitt skip.[1]

For å tenestegjere som skipsførar på passasjerskip, lasteskip større enn 15 meter, fiskefartøy større enn 10,67 meter (35 fot), samt på lektere, krevs det relevant kompetansesertifikat for dekksoffiser.[1]

Ansvar og myndigheit[endre | endre wikiteksten]

Ansvaret til skipsføraren er nedfelt i mellom anna sjølova[2], skipssikkerhetslova[3] og skipsarbeidslova[4]. Skipsføraren har det overordna ansvar for teknisk og operativ tryggleik, og dessutan at skipet er i sjødyktig stand, herunder at det er tilstrekkeleg utrusta, bemanna og proviantert og i forsvarleg stand til mottakelse, befordring og bevaring av last. Skipsføraren skal sjå til at lasta vert forsvarleg stua, at skipet ikkje vert overlasta, at stabiliteten er tryggjande, og at lukene vert forsvarleg lukka og skalka.

Som øvste myndigheit ombord på sitt skip kan skipsføraren treffa avgjerdsler som ingen andre, heller ikkje eigaren på skipet, befraktar eller driftsselskap, kan forhindra - dersom desse etter skipsføraren sitt yrkesmessige skjønn er naudsynt for tryggleiken til menneskeliv til sjøs eller for vern av den marine miljøet.[2]

Dersom skipsføraren av ein eller annan årsak vert ute av stand til å ta vare på sine plikter overtek overstyrmann kommando over skipet.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - Lovdata», lovdata.no (på norsk), henta 5. april 2018 
  2. 2,0 2,1 «Lov om sjøfarten (sjøloven) - Kapittel 6. Skipsføreren1 - Lovdata». lovdata.no (norsk). 
  3. «Lov om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven) - Lovdata». lovdata.no (norsk). 
  4. «Lov om stillingsvern mv. for arbeidstakere på skip (skipsarbeidsloven) - Lovdata», lovdata.no (på norsk), henta 5. april 2018