Skipsfjorden i Torsken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 69°20′6.6048″N 17°6′23.040″E Skipsfjorden er ein fjordarm av Torskefjorden i Senja kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 1,5 km austover til Skipfjordbotnen.

Fjorden har innløp mellom Selneset i vest og Galgeneset i aust. Selneset ligg like ved tettstaden Torsken. Skipstind ligg på nordsida av fjorden og stig bratt opp til 576 meter over havet. Den høgaste toppen av fjellet ligg litt lenger aust og er på 715 meter over havet.