Klassifikasjonsselskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skipsklassifisering)

Eit klassifikasjonsselskap, ofte forkorta til klasseselskap, er i shipping alt frå ikkje-statlege organisasjonar til grupper med profesjonelle, skipsinspektørar eller kontortilsette som skal sjå til tryggleik og vern for skip og offshoreinstallasjonar.

Klasseselskapa vart opphavleg danna av assurandørane med tanke på å utføra ei teknisk vurdering av sjøfartøya, og på bakgrunn av sine vurderingar dele dei inn i klasser etter kvalitet. Når det vart klargjort at skipet tilfredsstilte reglane til klasseselskapet, kunne det verta «teke opp» i selskapet og vidare få forsikring.

Klasseselskap er i dag stiftingar eller private, sjølvstendige kontrollorgan for fartøy og oljeplattformer. Dei godkjenner konstruksjonar og maritime system, og held auge med både bygging og drift. Klasseselskapa vert òg pålagt fleire inspeksjons- og kontrolloppgåver frå styresmaktene til flaggstaten, som Sjøfartsdirektoratet i Noreg.

Noregs største klassifikasjonsselskap er DNV GL Group. Andre store selskap er American Bureau of Shipping (ABS), Lloyds Register og Bureau Veritas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]