Skipslei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skipslei eller sjøveg er ein vassveg rekna for skipstrafikk, oftast brukt av handelsskip. Vanlegvis meiner ein dei vassvegane som er merka opp på sjøkart. Skipsleier er i dag vanlegvis merkt med sjømerke.

Skipslei vert òg brukt om mindre vassvegar. Desse er meir lokale og tilpassa fritidsbåtar. Desse kan vera gjennom ein skjergard inn til ein tettstad eller ei hamn. Ei tilrådd seglingslei er ei mindre form skipslei, og viser tryggaste veg forbi til dømes to øyar, eller eit skjer.

Ulike typar skipsleier vert klassifisert etter bruk, t.d. som innseglingslei til ei hamn. Dei moderne skipsleiene vart etablert då trafikken til sjøs vart overteken av dampskip på slutten av 1800-talet.

Tidlege sjøvegar var vanlegvis kystnære sidan navigatørane måtte nytta seg av kystlandemerke. Etter kvart som kunnskapane om navigasjon og kart auka, vart dei sjøfarande mindre avhengige av kystlandemerke, og sjøvegane strekte seg over større hav og osean.

Eit døme på ein kystnær sjøveg er skipsleia langs norskekysten; ein sjøveg som har gjeve landet Noreg namn. Ein annan gammal og viktig sjøveg i Nord-Europa var og er skipsleia gjennom Skagerrak, Kattegat og Øresund/Beltene. Denne leia knyter landa i Vest-Europa med landa omkring Austersjøen. Denne leia er dels basert på segling i kystnære farvatn, dels på segling i ope hav.

Trekantfarten i Atlanterhavet er døme på ein sjøveg over ope hav i Nord-Atlanteren og Sør-Atlanteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]