Skipsleia langs norskekysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurtigruta følgjer for ein stor del skipsleiga langs norskekysten

Skipsleia langs norskekysten er ein mykje brukt vassveg for skip og båtar som følgjer fastlandet hovudsakleg i retninga sør – nord. Nemninga på denne vassvegen gav etter kvart namn på landet innanfor: Noreg. Den språklege tydinga kjem betre fram i engelsk og tysk språkdrakt, Norway og Norwegen, som tyder 'vegen mot nord'. Vegen mot nord var einstydande med vassvegen, altså skipsleia langs norskekysten. Leia har truleg vore i bruk så lenge det har budd menneske langs kysten, og ho er stadig i bruk av større og mindre skip. Mest kjend av desse er Hurtigruta, som trafikkerer strekninga mellom Bergen og Kirkenes.

Ei verna skipslei[endre | endre wikiteksten]

Store delar av skipsleia er verna av skjergarden - tusenvis av større og mindre øyar, holmar og skjer som bryt bølgjer og vernar mot vind frå havet utanfor. Ho gjer reisa langs kysten til ei vesentleg sikrare og behagelegare ferd enn kva ho elles ville vore. Dette høvet for skjerma kystseilas er elles ganske ukjent i dei fleste kystfarvatn elles i verda, der det vanlegaste er ope hav rett mot kystlinja.

Nokre stadar er kysten likevel forma slik at skip må ut på havet for å følgja landet nordover, og her ligg dei vêrharde strekningane til skipsleia. Mest kjend er Lindesnes til Jærens rev, Sletta nord av Haugesund, Stad, Hustadvika og Folda, og dessutan Varangerhalvøya.

For enkelte strekningar er det fleire alternative vegar innanskjers. Mindre skip og båtar kan nokre stadar ta ein snarveg gjennom tronge sund, ofte kan flo og fjøre vera avgjerande. I tidlegare tider fanst det at ein trekte båtar over eit eid for å gjera reisa kortare og tryggare innanskjers, men då trengde ein eit større mannskap, t.d. på vikingskip.

Endepunkta[endre | endre wikiteksten]

Kvar skipsleia byrjar i sør og sluttar i nord vil det vera usemje om, og spørsmålet er heller ikkje så viktig. Det kan hevdast, særleg om ein tek eit nasjonalt perspektiv, at leia byrjar i hovudstaden Oslo og følgjer Skagerrakkysten sørover og vestover, rundar Jæren og held fram nordover langs kysten.

I nord held den norske skipsleia fram austover langs Sibir i russiske farvatn langs Nordaustpassasjen.

Leia gjennom Skagerrak og Kattegat[endre | endre wikiteksten]

Nord-Europas viktigaste handelsveg batt Dei britiske øyane - med Nederland og andre land i Vest-Europa saman med landa rundt Austersjøen. Denne skipsleia gjekk gjennom Nordsjøen og Skagerrak, gjennom Kattegat og Øresund eller Storebelt til Austersjøen. Detta var ei skipslei med vesentleg større trafikk enn det var i leia langs kysten av Vestlandet og nordover.

I eit internasjonalt perspektiv er det to skipsleier det dreier seg om. Lindesnes kan sjåast på som ein møtestad for dei to skipsleia. Skip som kom nordover gjennom Nordsjøen sikta seg inn mot Lindesnes; derfrå kunne dei dreia mot vest og ta leia mot Vestlandet, eller austover i retning mot Skagerrak.

Navigasjon i skipsleia[endre | endre wikiteksten]

Jektene var lenge viktige farkostar i skipsleia, m.a. med transport av tørrfisk og trematerialer.
Foto: Andreas Vartdal

Norskekysten var – før moderne navigasjonsmetodar og merking av leia – eit relativt enkelt landskap for sjøfolk å navigera i. Navigeringa var i hovudsaka basert på segling i dagslys. Navigasjonen var landbasert, navigatøren måtte kunna landet han segla langs. Dei fleste fjell som er synlege frå skipsleia vart brukt på denne måten, av sjøfolk i leia, og av fiskarar på havet.

Den merkingen ein i dag har i skipleia med stakar, lyktar og fyr vart i all hovudsak etablert då dampskipa vart vanlege i siste halvdel av 1800-talet. Etterpå har det gått føre seg ei kontinuerleg utbygging og forbetring.

Hamner langs skipsleia[endre | endre wikiteksten]

Kristiansund i 1840-åra. Kristiansund hamn har tre moglege innseglingar og eit ryddig farvatn for større skip.

Den gongen trafikken i leia var basert på vinden som drivkraft måtte skip ofte venta på gunstig vind for vidare seilas. Langs norskekysten er det mange gode hamner som er skapt av naturen sjølv. Kring desse hamnene det mange stader utvikla seg busetnader. Skipsleia har vore avgjerande for lokalisering av byar og tettstader langs kysten.

Maktsenter langs leia[endre | endre wikiteksten]

Mykje tyder på at Karmsundet var som ein historisk portal til skipsleia nordover. Kongedømmet på Avaldsnes var truleg basert på fysisk kontroll over skipsleia.

Strekningar langs leia[endre | endre wikiteksten]

Majestetiske fjell i Tustna i Aure kommune på austsida av Trondheimsleia.
Foto: Harald Oppedal

Skipsleia består av meir eller mindre godt skilde parti, som skil seg frå kvarandre reint geografisk:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]