Skipsspikar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skipsspikar er eit festemiddel som vert brukt under båtbygging. Ein skipsspikar smalnar svakt frå hovudet til ein ellers tverr spiss. Tverrsnittet er rektangulært. Dimensjonen på spikaren vert oppgitt etter lengda, målt frå spissen til undersida av hovudet.

Ved bruk av skipsspikar vert det forbora med ein bordimensjon som tilsvarar minste sida i tverrsnittet under hovudet. Ein bør bore 90 % av spikarlengda i hard ved. For spikaren vert heilt innslått vert det ofte surra eit par tørn med bomullstråd under hovudet. Dette for å sikre mot lekkasje. Skipsspikaren vert sett på tvers av veden i spant og bjelkar. Nær enden av bord vil skipsspikaren lett gi sprekker. Difor vert det bora holet gjort noko større her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ole-Jacob Broch: Trebåten. (Universitetsforlaget 1993)