Skipstypen barde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein barde var eit kraftig krigsskip i vikingtida med ein jarnkledd stamn, som kan ha vore nytta som ein slags rambukk mot fiendtlege skip.

I følgje soga om Olav Tryggvason hadde Eirik jarl ein særs stor barde, kalla Jarnbarden, som han brukte i viking og i slaget ved Svolder.

Ordet kjem frå det norrøne ordet barð som tyder skjegg eller brem, og syner til den spesielle stamnen. Dette er det same opphavet som bardar hos bardekvalar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]