Bark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skipstypen bark)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bark (fleirtyding).
Den meksikanske barken «Cuauhtémoc» i Atlanteren.

Ein bark er eit seglskip med minst tre master — fokkemast, stormast og mesanmast — der dei to fremste er skværrigga mens den attaste masta har mesansegl. I tilegg er det tre stagsegl. Det fanst òg fire- og femmasta barkar.

Barkar har ein noko enklare rigg enn ein fullriggar, og kan difor segla med mindre mannskap. På større barkar er mesanseglet ofte delt, og det er da ein mindre gaffel omtrentlig midt på undermasta. På slutten av 1800–talet kjøpte norske segelskipsreiarar ofte inn gamle fullriggarar frå utlandet og rigga dei ned til barkar. Desse skipa var som oftast bygd av stål. Dette i motsetning til norskbygde skip, som vanlegvis var bygd av tre. Ein bark er større og smekrare bygd enn ein brigg, og snøggare. Det fanst òg fire- og femmasta barkar. Mastene på ein tremasta bark vert kalla fokkemast, stormast og mesanmast eller kryssmast. Det norske skuleskipet SS «Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta bark.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.