Skirennaren Jo Eggen
- For lyrikaren, sjå Jo Eggen.
Jo Eggen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. juni 1941 (81 år) Engerdal |
Idrett | langrenn |
Jo Eggen (fødd 5. juni 1941) er ein tidlegare langrennar og gardbrukar frå Engerdal i Hedmark. Gjermund Eggen er tvillingbroren hans.
Eggen tevla for Engerdal Sportsklubb, som vann 3x10 km stafett under noregsmeisterskapen i 1966. Under same meisterskapen på Hernes vart det dobbeltsiger til dei to brørne Eggen på tremila, Jo fekk sølvmedaljen. I 1968 vann han bronsemedaljen på 15 km under NM, broren Gjermund vart då nr 4.
Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]
- 1965: Nr 12 på 15 på 50 km i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]
- Ski-NM 1964: Nr 10 på 30 km på Voss
- Ski-NM 1965: Nr 11 på 30 km på Fåberg
- Ski-NM 1966: Sølvmedalje på 30 km på Hernes
- Ski-NM 1967: Nr 7 på 30 km i Skorovatn
- Ski-NM 1968: Bronsemedalje på 15 km i Bærum
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar