Hopp til innhald

Skjæveland gamle bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjæveland gamle bru

Typesteinbru
KryssarFiggjoelva
Kart
Skjævelandsbrua
58°48′19″N 5°40′54″E / 58.805315°N 5.681765°E / 58.805315; 5.681765

Skjæveland gamle bru er ei bru over FiggjoelvaJæren. Midten av brua utgjer grensa mellom Klepp og Sandnes kommune. Brua var ferdig bygd i 1853.[1]

Byggjematerialet er for det meste stein, bygd som ei kombinert steinkvelv- og steinhellebru. Brua er 100 meter lang. Brua er ein del av Vestlandske hovudveg, og var den fyrste brua i Rogaland fylke som vart bygd for køyretøy.[2]

Brua vart teikna av Ingebret Mossige, lensmann og veginspektør i Time kommune. Gabriel Høyland (1820-1907) leia bygginga av brua.[1] I 1966 vart det opna ei ny bru for riksveg 44, og denne nye Skjævelandsbrua har etter dette vore nytta til lokal trafikk. Ho vart restaurert i 1985, og vart i 2002 teken med på ein nasjonal verneplan for kulturminne knytt til vegar.[2]

  1. 1 2 Vegvalg - nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (PDF), Statens Vegvesen, arkivert frå originalen (PDF) 25. oktober 2007
  2. 1 2 Anne Berit Hatlem (3. juli 2002). «Vernar gangsteinar og Skjævelandbrua». Jærbladet. Arkivert frå originalen 10. november 2005.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]