Skjørafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjørafjorden eller Skjørin er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til Nordskjørin i botn av fjorden.

Fjorden startar ved Synstholmen nordaust for Gjæsinga og Flesafjorden. Grenda Kiran ligg på nordsida av fjorden. Fjorden går søraustover før han snur nordaustover. I det sørlegaste hjørnet av fjorden går Sunnskjørin 1,5 km sørover til gardsbruket med same namn. Fjorden snur nordaustover etter Joskjør på nordsida. Nordaust for Joskjør ligg garden Skjørin som har gjeve namn til fjorden.

Fylkesveg 14 i Sør-Trøndelag går langs heile nordsida av fjorden. Koordinatar: 64°6′19.818″N 10°7′16.158″E