Skjøtningberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiskeværet Skjøtningberg i Lebesby i Aust-Finnmark i 1909.

Skjøtningberg er eit fråflytta fiskevær i Lebesby kommune i Finnmark. Det ligg ytst i Oksfjorden. Skjøtningberg blir i dag brukt som hytte- og fritidsområde.[1]

Skjøtningberg var eit større fiskevær tidleg på 1400-talet, med 200-250 innbyggjarar.[1] Men folketalet gjekk ned, og i 1694 blei det rapportert av det berre budde 7 mann her. Skjøtningberg kyrkje var hovudkyrkje for eit prestegjeld fram til 1819, men kyrkjebygningen vart alt på 1700-talet svært forfallen og blei riven.[2]

Været hadde vore ein viktig stad for fiske drive frå robåtar, som ein kunne ta på land under uvêr. Dette kunne ein ikkje gjera med større motorbåtar. [3] Storstormar i 1918 og 1932 raserte båtane frå Skjøtningberg, og fiskeværet blei til slutt forlate.[1]

I dag kan ein vitja staden for den store stranda som finst her, eller «Svartholla», ei naturleg kysthole.[3]

Fiskaren og stortingspolitikaren Christian Wallenius var frå Skjøtningberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lill Astrid Røvik (12-09-2007), Skjøtningberg, Lebesby kommune 
  2. Amund Helland (1906) - Norges land og folk - Topologisk beskrevet (s. 361)
  3. 3,0 3,1 Skjøtningberg, Visit Nordkyn, henta 23. april 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]