Skjeberg Folkehøyskole
Skjeberg Folkehøyskole | |
![]() | |
Skuletype | Folkehøgskole |
---|---|
Grunnlagd | 1876 |
Fylke | Viken |
Kommune | Sarpsborg |
Tettstad | Skjeberg |
Adresse | Oldtidsveien 35, 1747 Skjeberg |
Rektor | Lene Dyrkorn |
Elevar | 91 |
Eigar | Østfold fylkeskommune |
![]() Skjeberg Folkehøyskole |
Skjeberg Folkehøyskole er ein frilynt folkehøgskole som ligg i Skjeberg i Sarpsborg kommune i Viken fylke, om lag 10 km sør for Sarpsborg. Skolen har plass til 91 elevar i året og er eigd av Østfold fylkeskommune.
Skolen vart grunnlagd i 1876, og var til å begynne med ein ambulerande amtsskole. Frå 1904 har skolen lege i Skjeberg, som frå 1990 er ein del av storkommunen Sarpsborg. Landskapet ved Skjeberg Folkehøyskole er prega av åsar, jorde og innsjøar. Det er gode forhold for å gå turar, med merkte turløyper i tilgrensande skogsområde. Det finst fleire helleristningar frå bronsealderen langs Oldtidsveien, i nærleiken av skolen.
Elevane ved Skjeberg Folkehøyskole har minimum 24 veketimar på fagfeltet, med linjefag og sjølvvalde valfag. I tillegg er det morgonsamling kvar undervisningsdag, minst eitt fellesarrangement kvar veke og enkelte temabaserte seminar i løpet av året.
Linjefag ved skolen i 2019:[endre | endre wikiteksten]
- Filmproduksjon
- Foto
- Grafisk Design
- Musikkproduksjon
- Friluftsliv, foto og kajakk
- Sportsjournalistikk og idrett
- Valfag
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Beliggenhet». Skjeberg Folkehøyskole. Henta 26. juli 2015.
- «Skjeberg Folkehøyskole - Om skolen». folkehøgskole.no. Henta 26. juli 2015.