Skjeberg Folkehøyskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjeberg folkehøyskole)

59°12′59.3″N 11°10′45.4″E / 59.216472°N 11.179278°E / 59.216472; 11.179278

Skjeberg Folkehøyskole
SkuletypeFolkehøgskole
Org.formUndereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning
Org.nummer874544612
Grunnlagd1876
Region/fylkeØstfold
KommuneSarpsborg
StadSkjeberg
AdresseOldtidsveien 35,
1747 Skjeberg
EigarØstfold fylkeskommune
RektorLene Dyrkorn
Elevar91
Nettstadhttp://www.skjeberg.fhs.no/
Kart
Skjeberg Folkehøyskole
59°12′59″N 11°10′44″E / 59.216414°N 11.178806°E / 59.216414; 11.178806

Skjeberg Folkehøyskole er ein frilynt folkehøgskole som ligg i Skjeberg i Sarpsborg kommune i Østfold fylke, om lag 10 km sør for Sarpsborg. Skolen har plass til 91 elevar i året og er eigd av Østfold fylkeskommune.

Skolen vart grunnlagd i 1876, og var til å begynne med ein ambulerande amtsskole. Frå 1904 har skolen lege i Skjeberg, som frå 1990 er ein del av storkommunen Sarpsborg. Landskapet ved Skjeberg Folkehøyskole er prega av åsar, jorde og innsjøar. Det er gode forhold for å gå turar, med merkte turløyper i tilgrensande skogsområde. Det finst fleire helleristningar frå bronsealderen langs Oldtidsveien, i nærleiken av skolen.

Elevane ved Skjeberg Folkehøyskole har minimum 24 veketimar på fagfeltet, med linjefag og sjølvvalde valfag. I tillegg er det morgonsamling kvar undervisningsdag, minst eitt fellesarrangement kvar veke og enkelte temabaserte seminar i løpet av året.

Linjefag ved skolen i 2019:[endre | endre wikiteksten]

  • Filmproduksjon
  • Foto
  • Grafisk Design
  • Musikkproduksjon
  • Friluftsliv, foto og kajakk
  • Sportsjournalistikk og idrett
  • Valfag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]