Skjernøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjernøya)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjernøy
Skjernøy kapell Foto: Helge Haugland
Skjernøy kapell
Foto: Helge Haugland
Geografi
Norway - Skjernøy.png
Stad Sørlandet
Koordinatar 57°59′34″N 07°31′08″EKoordinatar: 57°59′34″N 07°31′08″E

Areal 5,6 km²

Høgaste punkt 95 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vest-Agder

Skjernøy er ei øy heilt sør i Mandal kommune. Øya er bunde saman med fastlandet ved ei smal bru, Skjernøysundbrua, som vart bygd i 1964. Øya har kring 300 innbyggjarar og er den største øya i kommunen (6 kvadratkilometer). Folkesetnaden fordeler seg på fleire grender: Skjernøysund, Valvik, Farestad og Rossnes. For å koma frå Farestad til Rossnes må ein over ei hengebru som er 110 meter lang og 80 cm brei. På Farestad ligg Skjernøy kapell og den gamle Skjernøy skole, som er gjort om til grendahus.

På ein holme utanfor Skjernøy ligg Ryvingen fyr. Området på og rundt Skjernøy er kjend for rikt fugleliv. I 2003 vart det òg rapportert at ein ulv hadde vitja øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]