Skjervøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjervøy
Skiervvá
Kierua
tettstad
Hurtigruten arriving at Skjervoy, far northern Norway (3).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Skjervøy
Areal 1,29 km²
Folketal 2 460 (2017)
Folketettleik 1 907 / km²
Postnummer 9180 SKJERVØY
Innbyggjarnamn skjervøyværing
Preposisjon Skjervøy
Wikimedia Commons: Skjervøy (village)

Skjervøy (nordsamisk: Skiervá, kvensk: Kierua) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Skjervøy kommune i Troms. Tettstaden ligg på austsida av Skjervøya og har 2 460 innbyggjarar per 1. januar 2017. Skjervøy har fiskeindustri, og er ei viktig fiskerihamn og tenesteseneter for fiskeflåten i Nord-Troms.[1]

Frå tettstaden Skjervøy er det brusamband til Kågen, med vidare ferjefri kopling til fastlandet gjennom Maursundtunnelen (fylkesveg 866). Skjervøy har daglege hurtigruteanløp og godsbåtanløp, i tillegg til hurtigbåtsamband med Tromsø. Frå Skjervøy er det også ferjesamband til Arnøy og Laukøy.[2] Næraste flyplass er Sørkjosen lufthavn i nabokommunen Nordreisa, om lag 30 minuttars køyring frå tettstaden.

Bilete frå Skjervøy[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skjervøy - tettstedet». Store norske leksikon. 17. februar 2009. Henta 27. mai 2017. 
  2. «Skjervøy». Store norske leksikon. 7. april 2016. Henta 27. mai 2017.