Skjold kyrkje i Vindafjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°30′16.337″N 5°35′15.126″E

Skjold kyrkje
kyrkje
Skjold kyrkje.jpg
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Haugaland
Sokn Skjold
Fellesråd Vindafjord
Arkitekt Nils A. Vikanes
Innvigd 1999
Sitjeplassar 400
Wikimedia Commons: Skjold kirke, Vindafjord

Skjold kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1999 i Vindafjord kommune i Rogaland fylke.

Kyrkja er teikna av Nils A. Vikanes og oppført i mur. Ho har 400 sitjeplassar.

Per Odd Aarrestad står bak kunsten i det han kallar ei «oppstandelseskirke». Altarskåpet har motiv frå oppstoda i raudt og gull. Når skapet er lukka, ser ein Kristus krossfesta.

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja frå 1887 vart påtent og brann ned i 1992.
Foto: Christian Christensen Thomhav

Skjold har hatt kyrkje sidan mellomalderen.[1] Ei stavkyrkje vart avløyst av ei tømmerkyrkje ca. 1641. Denne vart anten grundig ombygd eller avløyst av ei ny kyrkje i 1768. Ei langkyrkje frå 1887 vart tent på og brann ned til grunnen 13. september 1992. Denne kyrkja hadde 750 sitjeplassar og tre samanhangande galleri. Ho stod like vest for den noverande kyrkja. Dei tidlegare kyrkjene stod lengre aust.

Den gamle kyrkjegarden, der kyrkjene stod fram til 1887.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Rogaland (Riksantikvaren, 2016), s. 146–147.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]