Skjold til vern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gresk bronseskjold frå Delfi

Skjold er utstyr ein kan halda framfor eller over seg for å verna seg mot vald eller andre farar. Som regel blir skjoldet halde i handa. Det er umuleg å datera det første skjoldet, men ein veit at ein frå antikken til den seine mellomalderen brukte det som ein fast del av kamputrustinga. Skjoldet har i dag skifta karakter og blir brukt som utrusting for m.a. politistyrkar.

Eit skjold er ein enkel maskin, som har ein omvend kileeffekt og ein impulstidsspreiende verknad. Effekten av den omvende kileeffekten er at krafta til noko spisst over eit lite areal blir spreidd via det stive skjoldet til knoklane i handa og armen. Den impulstidsspreiande verknaden kjem av massen til skjoldet.

Dansk politimann med skjold av pleksiglas.

Dei eldste skjolda[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste skjolda blei laga av tre eller huder, og er dermed lett nedbrytbare. Skjold ein kan sjå hjå naturfolk i Afrika i nyare tid er vidareutvikla frå antikke skjold.

Funn i Danmark[endre | endre wikiteksten]

Det første funnet i Danmark er av skjoldkuler (halvkula av jern som sit midt på skjoldet og vernar handa til beraren). Ut frå desse kan ein berre gjetta om storleiken og utsjåanden til sjølve skjoldet. I 2008 fann ein eit intakt skjold i Slagelse som målte 80-90cm i diameter. Ein meiner det stammar frå slutten av 900-talet.

Skjold som viktig våpen[endre | endre wikiteksten]

Demonstrasjon av romerske testudo, skjelpaddeformasjon.

Ein veit at skjold har vore ein viktig del av utrustinga på slagsmarken i oldtida. Men romarane gjorde skjoldet til eit ultimat defensivt våpen. Skjoldet deira (scutum) var utvikla frå runde og ovale til rektangulære skjold. Dei var store nokk til at ein mann kunne skjulast bak skjoldet. Samstundes boga overflata seg, så piler, slag og andre åtak kunne bøya av uten at overføra den samla åtakskrafta til skjoldet. Den best kjende bruken av skjold frå den greske oldtida finn ein i åtakstaktikken phalanx, som består av ein hær i geledd i ein firkanta formasjon. Under åtak kunne phalanxen danna ei skjoldborg (testudo i romersk krigsføring), som kunne sikra at ein kunne rykka fram sjølv om formasjonen blei angripen med pilar og stein. Phalanxen og særleg skjoldborga var frykta.

I nordisk historie[endre | endre wikiteksten]

Reenactment med skjold ved Festiwal Słowian i Wikingów i Wolin.

Skjold blei mykje brukt av nordiske vikingar. Kvar krigar dekorerte sitt eige skjold, eller det hadde stammefargar. På den måten kunne ein sjå kven som var ven og kven som var fiende på slagmarka.

Skjolda var laga av eit slags bord og kunne vera overtrekt med dyrehud. I midten var skjoldkula, som var laga av jern. På baksida av denne var det eit handtak til å halda skjoldet med. Det har òg vore ei reim på innsdia der ein kunne spenna skjoldet på underarmen tett ved olbogen, eller ei skulderreim så skjoldet kunne berast på skuldra. Nokre skjold frå vikingtida har òg ei jernreim i stil med eit tønneband langs omkrinsen, noko som gav det ytterlegare styrke. Kor mykje jern ein hadde på yttersida av skjoldet har nok vore avhengig av styrken til den enkelte krigaren. Funna er avgrensa til skjoldkuler. Vikingeskjold var heilt runde.

Vikingskip og langbåtar er ofte blitt framstilte skjold langs relinga, men der er ikkje bevis for at dei var slik. Om vikingar har hatt skjolda på sida av skipet, kan det ha hatt fleire årsaker. Om skjoldet til kvar krigar var unikt, ville ein kunne sjå kven som segla med skipet, og det kunne kanskje òg vera ein måte å visa at ein krigar var fallen på (om skjoldet hans ikkje var på plass ved heimkomsten). Det kan òg ha hatt den praktiske grunnen at når ein langbåt segla oppå kysten, var skjolda for handa når krigarane sprang over bord og gjekk til åtak.

Måling[endre | endre wikiteksten]

Skjold som er funne har spor av farge. Frå dette utvikla ein heraldikk i mellomalderen. I dag bruker ein heraldikk i kommunevåpen og våpenskjold.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Skjold