Hopp til innhald

Skjoldungane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjoldungane er namnet på den førande danske kongeætta i norrøn tid. Dei hadde ein kultstad i Lejre.[1]

Skjoldungane rekna seg som ætlingar av kong Skjold og Gjevjon.[2] Snorre skriv at Skjold var son av Odin[3], medan andre kjelder fortel at Skjold var son av ein Sceaf (kornnek). Sceaf var komen over havet i eit skip som spedbarn, og teken til konge over danene. Denne attgjevinga er kjend frå fleire gamalengelske kjelder, og finst såvidt nemnt i Snorra-edda. I England vart Skjold kalla Scyld.[4]

Skjoldungasaga finst berre i fragment, og mykje er skrive av på latin. Av namn i kongelista finn ein mellom anna Frode eller fred-Frode, fleire ved namn Halvdan, og dessutan Roar og Helge. Mykje tyder på ei tett tilknyting til Frøy, og nære band til Ynglingeætta, som det er sagt skjoldungkongane ofte var i trette med.

Skjoldungane eller Scyldingas på gamal engelsk er framståande i Béowulf. Mykje tyder på at kongane i Mercia rekna seg som ætlingar av desse kongane, mest truleg gjennom Ingjald Frodeson, bror av Halvdan, og farbror til Roar og Helge.

  1. «Lejre» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Jørgen Markvad (2004). Danske konger - før Gorm den Gamle. Yduns Æbler. s. 43. ISBN 87-90594-11-8.
  3. Snorre Sturlason (1973). Den yngre Edda. Oslo: Samlaget. s. 16. ISBN 8252101631.
  4. Bruce, Alexander M. (2014). Scyld and Scef: Expanding the Analogues. Routledge. ISBN 978-0-8153-3904-5.