Skjomen kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjomen kraftverk

Skjomen kraftverk er eit vasskraftverk ved Sør-Skjomen i Narvik kommune i Nordland fylke.

Kraftverket hentar vatn frå eit omfattande tunnelsystem i grensestroka mot Sverige.

Kjårdavatnet er regulert melllom 616 og 590 moh. Til Kjårdavatnet vert det overført vatn frå Middagsvatnet, Langvatnet som er regulert mellom 678 og 674 moh og Sidasjarvi som er regulert mellom 614 og 604 moh. Delar av overføringa skjer via Sverige.

Iptojarvi er regulert mellom 615 og 589 moh. Til dette magasinet vert det overført vatn frå Båtsvatn og Norddalen kraftverk og frå fleire bekkeinntak.

Kraftverket vart sett i drift i 1973 og utvida fram til 1980.

Det er installert tre Peltonturbinar på totalt 313 MW. Middels årsproduksjon er på 1257 GWh.

Eigar er Statkraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]