Skjonghelleren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skjonghellaren)
Skjonghelleren
heller
Land  Noreg
Kart
Skjonghelleren
62°31′08″N 6°06′16″E / 62.51888889°N 6.10444444°E / 62.51888889; 6.10444444

Skjonghelleren er ein heller på vestsida av Valderøya i GiskeSunnmøre. Inngangen til hola ligg i dag 57 meter over havet. Opninga er om lag 38 meter høg. Hola går om lag 140 meter innover i fjellet. På dei inste 70 meterane er botnen forholdsvis flat. Seismiske målingar syner at her er om lag 20 meter laust avsetjingsmateriale over berggrunnen.

Det har vore arkeologiske utgravingar i Skjonghelleren.

I 1873 og 1878 fann ein materiale som tyder på busetnad. Dette materiallaget er frå tidsrommet 500 f.Kr―600 e.kr. Det har vorte diskutert om Skjonghelleren har vore heilårsbustad, eller berre brukt under fiske og jakt.

I 1983 grov ein heilt ned til seks meter. Det vart funne bein av fugl, fisk og pattedyr som er opp til 30 000 år gamle. Av pattedyr er det særleg oter og fjellrev som dominerer. Då desse funna vart gjorde var dei eldste funn av spor etter liv i Noreg 12 000 år gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Skjonghelleren i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.