Skjor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjor
Skjor
Skjor
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av skjor
Utbreiinga av skjor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Pica
Art: Skjor P. pica
Vitskapleg namn
Pica pica

Skjor (Pica pica) eller skate er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dei svarte fjørene har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Ho kan også vere heilt kvit (albino), som vist på biletet under.

Sitjande skjor.
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl, det vil seie at ho er her heile året.[2]

Skjora er altetar. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektningane sine, kråka og ramnen.

Skjora byggjer reir i tre, buskar, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren.[3][4] Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetida er 17-19 dagar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av skjære Pica pica for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  3. Jarlsberg avis
  4. Oppgåva av Inger Olin Vaag Skjøstad, elev ved Høgskulen i Volda, arkivert frå originalen 2006-12-10, henta 27. januar 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]