Skogbonaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skogbonaden
Detalj av Skogbonaden: Dei tre nordiske helgenkongane Sankt Olav, Sankt Knud og Sankt Erik.
Detalj av Skogbonaden: Ringing med kyrkjeklokkene i klokkestopulen. Litt av kyrkjebygningen (koret og ein liten part av skipet) er å sjå til venstre for stopulen.
Detalj av Skogbonaden: Ringaren i klokkestopulen.

Skogbonaden (òg kalla Skogtapeten) er eit vove biletteppe frå mellomalderen som vart funne ute av bruk og lagt vekk i Skog kyrkje i Hälsingland i Sverige i 1912.

Teppet er 174 cm langt, 38 cm høgt i den venstre enden, smalnar til 35,5 cm på midten, og aukar i høgd att mot høgre, der eit om lag 16 cm langt stykkje er gått tapt. Ein reknar med at teppet, som er tidfesta til 1200-talet, har vore nytta som veggteppe i ei mellomalderkyrkje som har stått i området.

Til venstre i det lange og smale teppet er tre mannsfigurar framstilt frontalt, alle med kroner på hovudet. Dei vart tidlegare tolka som dei tre heidne gudane Odin, Tor og Frøy, men etter nye granskingar av teppet er det større grunn til å tru at dei er dei tre nordiske helgenkongane Heilag Olav frå Noreg (som i Sverige vert kalla Olof), Sankt Knud frå Danmark og Sankt Erik frå Sverige[1]. Kvar av dei syner fram noko som skal oppfattast som helgenattributtet deira, og ein rekonstruksjon av desse attributta på grunnlag av spor i tyet etter trådar som vantar, gjer det truleg at dei er desse tre heilaggjorde krigarkongane.

Frå dei tre helgenkongane går det dyr i prosesjon i to rader fram mot ei stavkyrkje som er avbilda på midten av teppet. Dyra er av ein type som gjerne vert kalla «løver», og ein person med tre hovud ser ut til å vere ein slags leiar for prosesjonen. I kyrkja går det føre seg ein seremoni som ein prest og fleire personar tek del i, medan det vert ringt med kyrkjeklokkene i ein klokkestopul som er plassert attmed koret på kyrkja. Frå motsett hald kjem det inn mot kyrkja ein fiendtleg prosesjon av «løver», hestar og menneske.

Biletteppet frå Skog syner òg at det vert det ringt med ei lita klokka som hekk i ein takryttar (eit lite «tårn» på mønet) på sjølve kyrkja. Denne klokka er ikkje ei ordinær kyrkjeklokke, men ei såkalla primklokke som vart nytta i samband med nattverden, framfor alt i samband med det særskilde ritualet som gjekk føre seg før nattverden for å gjere brødet og vinen til nattverden om til Jesu lekam og blod i samsvar med læra om transsubstansiasjonen [2]. Kvar einaste vesle part av brødet og vinen tok heile Jesus opp i seg under dette ritualet, og endra difor substansen fullstendig, sjølv om utsjånaden framleis var den same. Nattverden var soleis eit kultisk måltid der ein tok guden inn i kroppen på ein rett så konkret måte ved å ete nattverdbrødet og drikke vinen. I mellomalderen fekk kyrkjelyden berre brødet, ikkje vinen, medan presteskapet fekk brødet og vinen (slik skikken er i den katolske nattverden i notida òg).

Langt frå alle mellomalderkyrkjer hadde ei slik primklokke på mønet som biletteppet frå Skog syner. Ofte vart det berre ringt med ei lita handklokke i slike høve, eventuelt kan ei lita klokke til bruk i denne samanhengen ha vore hengt opp ein stad inne i kyrkja.

Motivet på biletteppet frå Skog har vore tolka på ulike måtar, men det ser no ut til å vere semje om at det gjer greie for striden mellom dei gode og vonde kreftene. Men innanfor rammene av skildringa av gode krefter i strid med dei vonde, har motivet ikkje berre ei tyding. Det maktpolitiske aspektet i samtida gjer seg soleis sterkt gjeldande ved at motivet òg kan tolkast som ei kristen grunngjeving med tilhøyrande propaganda for maktutøvinga til svenskekongen og den krigerske framferda hans i landområda i aust[3].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Franzén og Nockert 1992, side 58
  2. André 1998
  3. Hoftun 2008, side 321 og frametter
Bibliografi
  • André, Åke. 1998. Från primklocka til skriftklocka. I Pegelow, Ingalill (redaktør), Ting och tanke : Ikonografi på liturgiska föremål. Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitets Akademinens Handlingar 42. Stockholm. S. 225. ISBN 91-7402-278-4
  • Franzén, Anne-Marie & Nockert, Margareta: Bonaderna från Skog och Överhogdal och andra medeltida väggbeklädnader, Almqvist & Wiksell international, Stockholm 1992. ISBN 91-7402-226-1.
  • Hoftun, Oddgeir: Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008. ISBN 978-82-560-1619-8.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]