Skogbreiflangre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skogbreiflangre

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Epipactis
Art: E. helleborine
Vitskapleg namn
Epipactis helleborine ssp. helleborine
(Linné) Crantz
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Eurasia

Skogbreiflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine) er ei planteflangreslekta Epipactisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] I raudlistevurderiga 2021 er underarten rekna som livskraftig (LC).[2]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet breiflangre på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått namnet skogbreiflangre. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet breiflangre, og mange vel å omtale underarten som «vanleg breiflangre». Artsdatabanken tilrår å bruke skogbreiflangre.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er skogbreiflangre vanleg over store delar av landet, men ikkje i høgareliggjande område på Austlandet eller lengst nord i landet.[4]

Underarten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn vanlig skogsknipprot),[5] i Danmark (LC, dansk namn skov-hullæbe)[6] og i Finland (LC, finsk namn lehtoneidonvaippa).[7]

Bortsett frå eit mogleg funn av dyneflangre i Wales,[8][9] er det skogbreiflangre som representerer arten på Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[9][10] på same måte som lokalt i England og Wales,[11][12] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13] Ei noko avvikande form, som stundom har vore rekna som ein eigen art (kalla E. youngiana), blir no rekna for høgst å vere ein varietet av skogbreiflangre (E. helleborine ssp. helleborine var. youngiana).[9][14]

I Estland er det registrert nokre funn av underarten E. helleborine ssp. orbicularis,[15] men elles er det ingen informasjon om underartar. Arten breiflangre er vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[16] I Latvia er det ingen informasjon om underartar, men arten er temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[17] I Litauen veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig, men ein reknar med at det kan finnast fleire underartar, varietetar og former.[18]

I Benelux er underarten (nederlandsk namn brede wespenorchis, fransk namn épipactis à larges feuilles) vanleg i Nederland, så òg både i Flandern og Vallonia i Belgia.[19][20] I den nederlandske raudlista er underarten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[21] I Belgia er underarten ikkje raudlistevurdert separat, men denne underarten er den dominerande. Arten er rekna som livskraftig i Flandern (LC, momenteel niet in gevaar) og i Vallonia (LC, préoccupation mineure).[22][23] I Luxembourg er arten òg rekna som livskraftig (LC).[24]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Hybriden mellom skogbreiflangre og raudflangre (Epipactis atrorubens × helleborine ssp. helleborine eller Epipactis ×schmalhausenii)[25] er registrert i Østfold og finst truleg fleire stader i Noreg.[26] Han er kjend frå Sverige[27] og Storbritannia,[28] medan eit herbarieeksemplar frå Møn i Danmark kan vere feilbestemt.[29]

Hybriden med snauflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × phyllanthes eller Epipactis ×bruxellensis)[30] er registrert i Sverige[31] og er funnen i herbariemateriale frå Sjælland i Danmark.[29] Hybriden med purpurflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata eller Epipactis ×schulzei)[32] var berre registrert nokre få stader aust på Jylland og på Falster, men er funnen fleire stader dei siste åra.[29][33] På Dei britiske øyane er han registrert mange stader i Sør-England.[28] Hybriden med grønflangre (Epipactis helleborine ssp. helleborine × leptochila eller Epipactis ×stephensonii)[34] er rapportert frå sør i England, men ikkje verifisert.[28]

Hybridar med Epipactis dunensis (Epipactis dunensis × helleborine ssp. helleborineer kjend frå mange stader i Skottland.[28] I Nederland er det òg registrert ein hybrid med Epipactis muelleri (Epipactis helleborine ssp. helleborine × muelleri eller Epipactis ×reinekei).[35]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar skogbreiflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  2. «Raudlista: Skogbreiflangre». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre skogbreiflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022. 
  4. «Artskart: Breiflangre, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.  Ettersom skogbreiflangre ofte vil vere registrert som breiflangre, er det kartet for arten som er vist. Andre underartar er registrerte med avvikande farge frå grønt.
  5. «Artfakta: Epipactis helleborine subsp. helleborine vanlig skogsknipprot». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Skov-Hullæbe Epipactis helleborine ssp. helleborine». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  7. «LAJI: Epipactis helleborine». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  8. Leslie Lewis mfl. (2009). «An update on the orchid flora at Kenfig National Nature Reserve» (PDF). BSBI News 110 (January): 7–11. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  10. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  14. Richard M. Bateman (2020). «Implications of next-generation sequencing for the systematics and evolution of the terrestrial orchid genus Epipactis, with particular reference to the British Isles». Kew Bulletin 75 (4): 1–22. ISSN 1874-933X. doi:10.1007/S12225-020-9870-X. 
  15. «eElurikkus: Epipactis helleborine subsp. orbicularis» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  16. «eElurikkus: Epipactis helleborine» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  17. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  18. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 64-65. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  19. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis helleborine subsp. helleborine». FLORON. Henta 19. januar 2024. 
  20. «Verspreidingskaart: Brede wespenorchis – Epipactis helleborine subsp. helleborine». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024. 
  21. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  22. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  25. «PoWO: Epipactis × schmalhausenii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  26. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  27. «Artfakta: Epipactis atrorubens × helleborine purpurknipprot × skogsknipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  29. 29,0 29,1 29,2 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  30. «PoWO: Epipactis × bruxellensis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  31. «Artfakta: Epipactis helleborine × phyllanthes skogsknipprot × kal knipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  32. «PoWO: Epipactis × schulzei». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  33. «Naturbasen: Skov-Hullæbe × Tætblomstret Hullæbe Epipactis helleborine ssp. helleborine × purpurata». Naturbasen. Henta 5. mars 2024. 
  34. «PoWO: Epipactis × stephensonii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  35. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis × reinekei». FLORON. Henta 19. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]