Skogbruk i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein furuskog i al-Ansariyahfjella

Skogbruk i Syria er avgrensa til kystfjella som strekkjer seg frå grensa til Tyrkia til Libanon, parallelt til Middelhavet.[1] Skogområda i Syria har minka frå 20 000 kvadratkilometer i 1911 til 7 500 kvadratkilometer i 1947. I 2010 var skogområda kring 4 500 kvadratkilometer, eller 2,55 % av det samla arealet av Syria.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken var Syria rikt skogkledd. Mange av skogane har vorte tynna ut eller forsvunne på grunn av hogst for tømmer og ved, overbeite og mange skogbrannar.

Regionar og artar[endre | endre wikiteksten]

Nord i Syria ligg skogsområdet Kurd-Dagh, nordvest for Aleppo. Kurd-Dagh er særleg snauhogd på grunn av stor hogst under fyrste verdskrigen. Det er redusert til krattskog av Kermes-eik (Quercus coccifera), med enkelte Aleppo-furuar (Pinus halepensis) og svartfuru.[1]

I nordvest, nær grensa til Tyrkia og provinsen Hatay dekkjer dei to skogane Baer og al-Bassit i alt 250 km². Dei dannar den største skogen i Syria. Bassit, nær kysten, består av tett tett aleppofuru. Skogen vart herja av brann. Baer, som ligg 800 meter over havet, består av aleppofuru, tyrkisk eik (Quercus cerris) og vallone-eik. Skogen er hovudsakleg verna mot hogst, men kring kantane, vert skogen fjerna for å nyttast i tobakkstørkingsverk..[1]

Al-Ansariyahfjella går parallelt til kysten og stig til 1500 meter over havet og strekkjer seg over 100 km ned til Homskløfta. Fjellryggen er dekt med eik. Det finst fleire isolerte lommer med libanesisk seder (Cedrus libani), kilikisk furu (Abies cilicica) og einer (Juniperus excelsa). Der høgda går ned til 800 meter veks eviggrøne eiketre. Skogane ved al-Ansariyahfjella dekkjer eit område på kring 200 km².[1]

Dei indre fjellkjedene er nesten heilt avskoga. Daddelpalma (Phoenix dactylifera) og pistasjetra er dei einaste tre som veks i Den syriske ørkenen. Pistasjetre er spreidde og det finst berre nokre få tre per hektar, men dei strekkjer seg over to enorme område i Den syriske ørkenen: Abd-el-Aaziz i al-Jazira og Bilas i Palmyra-området.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Rolley, J (mars–April 1948). «Forest conditions in Syria and Lebanon». Unasylva (Washington DC, USA: FAO) 2 (2): 77–80. 
  2. Martini, Ghalia, 20forests.pdf Vegetation: The Middelhavet Forests of Coastal Mountains[daud lenkje], Faculty of Agriculture - Aleppo University