Skogkondor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skogkondoren)
Skogkondor
Skogkondor
Skogkondor
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av skogkondor
Utbreiinga av skogkondor
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Slekt: Cathartes
Art: Skogkondor C. melambrotus
Vitskapleg namn
Cathartes melambrotus

Skogkondor (Cathartes melambrotus) er ein medlem av kondorfamilien og er ein åtseletar som held til i skogshabitat i Amazonasbassenget i Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skogkondor
Foto: Tony Castro

Skogkondoren er 74-81 centimeter lang, med eit vengespenn på 166–178 centimeter,[1] og ein kroppsmasse på gjennomsnittleg ca. 1,5 kilo. Fjørdrakta er svart med ein grøn eller lilla glans. Halsen og sidene av hovudet er fjørlause. Huda på hovudet varierer i farge frå djup gul til bleik oransje med ei blå krone. Nakken og området nær nasebora er bleikt rosa. Halen er avrunda og lang for ein kondor, og strekker seg til eller litt utover spissen av den lukka vengen. Kjønna er like. Hovudet er matt gråaktig hos ungfuglar, som elles liknar vaksne.

Irisane i auga er raude, føtene er svarte og nebbet er kjøttfarga. Auget har ei enkel ufullstendig rekke med augevippar på øvre augelokk og to radar på nedre augelokk. Nebbet er tjukt, avrunda og kroka i spissen. På grunn av vanen deira med urohidrose, er dei delane av beina med skjel ofte kvite av urinsyre. Fremre tær er lange med og er ikkje tilpassa til å gripe. Opninga av naseboret er langsgåande og sett i ein mjuk cere, og naseboret manglar septum. Som alle kondorar manglar skogkondoren syrinx, og er derfor ikkje i stand til å lage andre lydar enn grynt eller låge sus.

Han skil seg i utsjånad frå den liknande myrkondoren på fleire måtar. Han er større enn myrkondoren, med ein lengre, breiare hale. Fjørdrakta er mørk, iriserande svart i kontrast til myrkondorens brunare fjørdrakt. Beina er mørkare i farga og hovudet er meir gult og mindre oransje/rosa enn hos myrkondoren. Vengene er breiare og flukta og er òg jamnare.[1] I motsetning til dei andre medlemmene av slekta Cathartes, har skogkondoren relativt mørke indre primærfjører, som kontrasterer litt med dei bleikare sekundære og ytre primære. Fjørpennen til dei elleve primærfjørene ser ut til å vere kvite sett ovanfrå. Skogkondoren føretrekkjer å leve i skog, medan myrkondoren føretrekkjer savannar, og han er tyngre bygd enn myrkondoren.

Utbreiing og leveresett[endre | endre wikiteksten]

Skogkondoren finst i Amazonasbassenget i det tropiske Sør-Amerika. Det naturlege habitat her er tropiske fuktige låglandsskogar. Han kan flyge høgt over grassletter, men kjem sjeldan langt frå skogkledde område, som gir ly og hekkeområde.

Skogkondoren kviler på høge, eksponerte nakne tre for å observere omkringliggande terreng. Når dei flyg, reiser dei einslege eller parvis, sjeldan fleire. Flyginga er tung og jamn.

Føda finn dei ved å bruke det skarpe synet sitt for å lokalisere åtsel på bakken, men dei brukar òg luktesansen,[2] ei evne som er uvanleg i fugleverda.

Skogkondoren er eit åtseldyr og lever utelukkande av åtsel. Han vil ete av drepne dyr langs vegar og andre dyrekadaver. Han føretrekkjer ferskt kjøtt, men kan ofte ikkje gjere det første snittet i kadaveret til eit større dyr, då nebba ikkje er sterkt nok til å rive inn i tjukk hud. Kongekondor, som manglar evna til å lukte åtsel, følgjer skogkondorane til kadaver, der kongekondoren riv opp huda på det daude dyret. Dette gjev den mindre skogkondoren enklare tilgang til føde.[3] Han vert vanlegvis fortrengd frå åtsel av kalkunkondorar og kongekondorar, ettersom desse fuglane er større.[4]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande årsaka av øydelegging av skogshabitata og menneske som jaktar på dyreartar som er naturleg føde for kondoren. IUCN har kategorisert arten som livskraftig, LC.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Ferguson-Lees, James; Christie, David A. (2001). Raptors of the World. Houghton Mifflin Field Guides. s. 86. ISBN 0-618-12762-3. 
  2. Hilty, Stephen L. (1977). A Guide to the Birds of Colombia. Princeton University Press. s. 87. ISBN 0-691-08372-X. 
  3. Muller-Schwarze, Dietland (2006). Chemical Ecology of Vertebrates. Cambridge University Press. s. 350. ISBN 0-521-36377-2. Henta 12. september 2013. 
  4. Gomez, LG; Houston, DC; Cotton, P; Tye, A (1994). «The role of greater yellow-headed vultures Cathartes melambrotus as scavengers in neotropical forest». Ibis 136 (2): 193–196. doi:10.1111/j.1474-919X.1994.tb01084.x. Arkivert frå originalen 16. februar 2009. Henta 3. oktober 2007. 
  5. BirdLife International (2021) Species factsheet: Cathartes melambrotus. Henta 21. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Cathartes melambrotus
Commons har multimedium som gjeld: Skogkondor