Skogmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Dactylorhiza fuchsii Mariazell 01.JPG

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. maculata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza maculata ssp. fuchsia
(Druce) Hyl.
Økologi
Habitat: skog
Utbreiing: nord i Eurasia

Skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsia) er ei fleirårig plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad og habitat[endre | endre wikiteksten]

Blomane er fiolette med mørkare teikningar, ofte noko mørkere og meir raudlege enn hjå flekkmarihand. I Nord-Noreg er fargen ofte monaleg mørkare. På det nedste kronbladet er spissen tredelt med noko lengre midtspiss. Blada er oftast flekkete, og det nedste bladet blir gjerne breiare utover mot ein avrunda spiss. Skogmarihand kan bli godt over ein halv meter høg og blømer frå månadsskiftet juni–juli.

Skogmarihand er noko meir kalkkrevjande enn flekkmarihand. Planta trivst godt i skog, men kan òg ofte vere å sjå i vegkantar. Ho er ganske vanleg over det meste av landet, men er noko mindre vanleg på Sørvestlandet og i Finnmark.[2]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Skogmarihand vart tidlegare rekna som eigen art Dactylorhiza fuchsii, men blir no rekna som ein underart av bleikmarihand ved sidan av nominatunderarten flekkmarihand.[3] Dei to underartane er vanskelege å skilje frå kvarandre, og det finst mange mellomformer med andre planter i marihandslekta.

Skogmarihand, som på Dei britiske øyane er rekna som ein art, er ut frå den britiske klassifiseringa somme tider delt inn i underartane Dactylorhiza fuchsii ssp. fuchsii (engelsk namn: «common spotted orchid») og D. f. ssp. hebridensis (engelsk namn: «hebridean spotted orchid»). Somme klassifiseringer tek og med underarten D. f. ssp. okellyi. Andre stader er desse rekna som varietetar, var. hebridensis og var. okellyi.[4][5][6]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Norsk raudliste for artar (2021) er skogmarihand vurdert som livskraftig (LC).[7]

Underarten finst òg i Sverige (LC) (svensk namn: «skogsnycklar»),[8] i Danmark (LC) (dansk namn: «skov-gøgeurt»)[9] og i Finland (NT) (finsk namn: «kielikämmekkä»)[10] Funn på Island er usikre (islandsk namn: «ástagrös»).[11][12]

På Dei britiske øyane er skogmarihand rekna som livskraftig (LC) både i den britiske og den irske raudlistevurderinga,[5][13] på same måte som lokalt i England og Wales,[14][15] og er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[16] I den siste raudlistevurderinga (2021) er ssp. hebridensis og ssp. okellyi plasserte på venteliste (WL) og vurderte som truleg ikkje verdige underartsstatus.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar skogmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  2. «Artskart: Skogmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre skogmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  4. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  6. R.M. Bateman og I. Denholm (1988). «A reappraisal of the British and Irish dactylorchids, 3. The spotted-orchids». Watsonia. 17: 319–349. 
  7. «Raudlista: Skogmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2022. 
  8. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii skogsnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  9. «Naturbasen: Skov-Gøgeurt Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  10. «LAJI: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  11. «Ástagrös (Dactylorhiza fuchsii)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 7. mars 2022. 
  12. «Dactylorhiza fuchsii». Lystigarður Akureyrar. Henta 7. mars 2022.  «Eru af sumum talin vaxa á Íslandi, en staðfest eintök vantar.»
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]