Skogn Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skogn Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Skogn i Nord-Trøndelag, skipa i 1906. Idrettslaget driv med fotball, friidrett, handball, ski (apline greiner og langrenn) og sykling.

Skogn IL sitt handballag for kvinner har i periodar sida 1950-åra hevda seg heilt i toppen i nasjonal handball. Åra 1958-63 vann laget samtlege seks noregsmeisterskapane. Skogn vart norsk seriemeister i 1979 og 1980 og cupfinalen 1980. Seinare landslagssjef Marit Breivik var sentral spelar i Skogn desse åra kring 1980.

Både i 2010 og 2001 vann 3 x 10 km stafett under Ski-NM. Med på begge desse stafettlaga var Eldar Rønning, ein kar som har vorte norsk meister i individuelt langrenn og vunne to VM-gull i stafett med norske landslag.

Stavhopparen Einar Johan Svendgård vart noregsmeister i friidrett i 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]