Skogsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogsøya
Geografi
Norway - Oksnes.PNG
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°54′32″N 14°56′03″EKoordinatar: 68°54′32″N 14°56′03″E
Øygruppe Vesterålen

Areal 32,5 km²

Høgaste punkt Stigkollen (707 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 41 (2001)
Folketettleik 1,3 /km²

Skogsøya er ei øy i Øksnes kommune i Nordland. Skogsøya er den største av øyane i Øksnes Vestbygd, med eit areal på 32,5 km². Det høgaste punktet på øya er Stigkollen på 707 moh. Øya hadde 41 innbyggjarar i 2001.

Skogsøya var tidlegare sentrum i Øksnes kommune. Stadne Øksnes ligg på Skogsøya, og øya hadde på 1930-talet mellom 400 og 700 fastbuande. Då meir og meir kommunikasjon byrja å gå på landevegen framfor med båt, flytta administrasjonen over til Myre. Da kommunane Øksnes og Langenes vart slått saman igjen i 1964, heldt storkommunen namnet Øksnes etter kyrkjestaden på Skogsøya.

Sør på Skogsøya går det om lag 6 km kommunal veg mellom Hjellsand og Øksnes. Frå Øksnes er det hurtigbåtsamband til Myre, Smines og Skjellfjord på Langøya.

12. november 1988 stranda den utrangerte russiske jagaren «Boiky» på grunt vatn utanfor Hjellsand på Skogsøya medan det var under slep frå Murmansk til Spania for opphogging. Vraket låg lenge delvis synleg utanfor øya, og vart ein lokal turistattraksjon. Men vraket vart endeleg hogd opp og fjerna i 2001.

Forfattaren Herbjørg Wassmo vart født og voks opp på Skogsøya. Salmediktar Magnus Brostrup Landstad har òg budd på øya.

25. januar 1893 omkom 26 fiskarar frå Skogsøya i ein storm. Over 100 andre fiskarar omkom i uvêret elles i Vesterålen og Lofoten same dag.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]