Skogsfjorden i Mandal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skogsfjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune på vestsida av sjølve byen Mandal. Han har innløp rett vest for stranda Sjøsanden inst i Mannefjorden.

Innløpet smalnar raskt inn og er berre 30 meter på det smalaste. Her går Benkebrua over fjorden mellom Mandal og Sånum. Området rett innanfor denne brua heiter Sponga. Innanfor Sponga deler fjorden seg i tre. To delar går på kvar si side av Rennes, Runekilen på sørsida og Skjebstadkilen på nordsida. Den tredje delen held fram nordover og gjennom Mandal by. Her ligg det 15 meter smale Smalsundet, som òg vert kryssa av ei vegbru.

Innanfor Smalsundet ligg sjølve Skogsfjorden, som strekker seg 2,5 km frå Halse i Mandal by i aust til fjordbotn i vest. Europaveg 39 går langs heile nordsida av fjorden mellom Mandal og Vestre Skogsfjord. Frøysland ligg òg på nordsida av fjorden.

Inkludert Sponga er fjorden totalt litt over 4 km lang.