Skogshorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skogshorn
fjell
Skogshorn.jpg
Skogshorn sett frå sør
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Hemsedal (Buskerud); Valdres (Oppland)
Høgd 1 728 moh.
Koordinatar 60°52′59″N 8°41′44″EKoordinatar: 60°52′59″N 8°41′44″E
Wikimedia Commons: Skogshorn

Skogshorn, 1728 moh., er grensefjellet mellom Hemsedal og Valdres. Den frittliggande fjelltoppen avgrenser Hemsedalsfjella mot sør, og er lett synleg frå stor avstand. Fjellsida er særs bratt mot Hemsedal, men det er enkelt å nå toppen frå aust.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Skogshorn består i likskap med Hallingskarvet og Reineskarvet av grunnfjell som vart pressa frå vest mot aust i samband med den kaledonske fjellkjedefoldinga for om lag 400 millionar år sidan. Fjellet består derfor av gneis og djupbergart av prekambrisk alder[1].

Krossen på toppen[endre | endre wikiteksten]

Det er reist ein kross øvst på Skogshorn, første gong reist i 1880-åra og fornya både i 1945 og 1980 der det er rissa inn «Gud signe konge og fedreland» ved sidan av monogramma til Håkon 7. og Olav 5.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Øyvin Nygaard (1977). «Geologien i Buskerud». Bygd og by i Noreg. Buskerud. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-09441-1. 
  2. Sven Grotdal (2004). «Til topps på Skogshorn». Opplev Noreg – Buskerud (1 utg.). Oslo: Aschehoug. s. 148. ISBN 82-03-22754-6.