Hopp til innhald

Skogsmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hogstmaskin: Timberjack 1070D.

Skogsmaskin er ei maskin som vert nytta for å driva fram tømmer eller for å legge til rette for og å planta skog. Nokre skogsmaskiner utfører berre ein arbeidsoperasjon, medan andre er kombimaskinar som utfører mange operasjonar.

Mykje av utviklinga innan skogsmaskiner vart utført i Sverige, Finland, Canada og USA. I Sverige og Finland, dominerar kortvikesmetoden, der ein feller, kvistar og kappar tømmeret og deretter køyrer det fram til ein skogsbilveg med lassbærande maskiner (sv: skotare). I Nord-Amerika har heilstammemetoden vore den vanlegast, men kortvirkesmetoden er i framgång. Ein nytta då spesialbygde stammelunnarar for å dra ut høveleg store lass med heile stammar.

I Noreg førte det ulendte terrenget og eigarstrukturen, med mange små skogseigarar og små teigar, til at mekaniseringa av skogbruket kom seinare i gang og utvikla seg noko annleis enn i Sverige og Finland. For dei små eigarane var det ikkje økonomisk å kjøpa spesialiserte skogsmaskiner, så det vart til at landbrukstraktorane vart utstyrte med skogsutstyr. Det ulendte terrenget førte til at det var naudsynt å nytta vinsj eller kabelbane for å få fram tømmeret. Medan svenskane bygde skogsbilvegar var skogsvegar for traktor det vanlegaste i Noreg. Tømmeret vert ofte felt og kvista med motorsag og ført fram til bilveg som ukappa virke med traktor, etter heilstammemetoden. Med unnatak av storleiken på maskinene, minte driftsforma difor meir om den nordamerikanske enn den svensk/finske driftsforma. Men skogsmaskinene har i dei seinaste tiåra vorte meir vanlege i Noreg, særleg i dei flate skogsområda på austlandet.