Skogstjerneblom
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skogstjerneblom | |
![]() Skogstjerneblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytina |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Alsinoideae |
Stamme: | Alsineae |
Slekt: | Stjerneblomslekta Stellaria |
Art: | Skogstjerneblom S. nemorum |
Vitskapleg namn | |
Stellaria nemorum |
Skogstjerneblom (Stellaria nemorum) er ei plante i nellikfamilien. Arten er europeisk i si utbreiing. I Noreg finn ein planta på fuktige stader i skog over heile landet. Til fjells er ho funnen i vierkjerr opp til 1400 meter over havet.
Planta har kvite krypande tæger frå stengelgrunnen. Ho har tynne gulgrøne småhåra blad, der dei nedre blada er langskafta og hjarteforma. For kvar greining vert støtteblada gradvis mindre, det andre paret om lag halvparten av det første. Frøa har låge halvkuleforma vorter.
Skogstjerneblom blømer omkring juni.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Wikipedia på norsk bokmål.
- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid, norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.