Skolen for åndssvage børn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skolen for åndssvage børn
Grunnlagd1877
Nedlagd1903
KommuneOslo

Skolen for åndssvage børn var den fyrste spesialskulen for born med lærevanskar i Noreg. Skulen opna på Vestheim i Oslo 1. mars 1877 etter at ein pleieheim hadde opna same stad i oktober 1877. Skulen var privat og vart driven av Johan Anton Lippestad og Hans Hansen i fellesskap, og han fekk statstilskot alt frå 1877. Frå april 1878 vart skulen delt i to. Hansen vart verande på Vestheim med Anstalten for aandelig abnorme Gutter medan Lippestad skipa Anstalten for aandelig abnorme Piger på Torshaug (sjå Torshov skole).

Skulen flytte i 1884 til ein ny bygning på Lindern ved Ullevål, og namnet vart då endra til Hansens Institutt for Åndssvake Gutter, Lindern. I 1896 gjekk Hansen av som styrar, og staten overtok. Det vart raskt klart at staten ville flytta skulen nordafjells for å dekkja behovet der, og i 1903 flytte dei attverande elevane, to lærarar og internatpersonalet til Røstad skole ved Levanger

Styrar etter at Hansen gav seg i 1896 var Jon Grue, og han vart med på flyttelasset og styrte Røstad skole til 1915.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sølvberg, Lauritz: Johan Anton Lippestad og hans verk. Et bidrag til åndssvakeskolens historie i Norge gjennom 100 år. Oslo 1945.
  • Sigvald Løkeland: Statens spesialskoler 1825-1992[daud lenkje], konsept 1.11.2008, skolenettet.no