Skollevollsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skollevollsteinen er ein runestein med yngre runer frå rundt å 1000, funnen på Skollevoll på Lista. Han vart første gong skildra av biskop Wegener i 1639, då låg han som klopp over ein bekk på garden. Frå 1865 har steinen vore i samlinga til Universitets Oldsaksamling (no Kulturhistorisk museum) ved Universitetet i Oslo. Steinen er 1,9 meter lang og har ei innskrift med 56 runer i den yngre runerekkja:

ranuauk:raisti:stain:aftir:akmunt hrabisum:uar sin:skokr:b[arþi]

På moderne norsk vert det: «Rannveig reiste [denne] stein etter Oddmund Ravnsson, mannen sin. Skog rista [runene].»

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]