Skoltegrunnskaien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skoltegrunnskaien sett frå lufta, omtrent midt i biletet, med fartøy ved kai på begge sider
Foto: Svein-Magne Tunli

60°24′04″N 5°18′53″E / 60.40111°N 5.31472°E / 60.40111; 5.31472 Skoltegrunnskaien er ein offentleg utstikkarkai som ligg mellom Festningskaien og Bontelabo i Bergen hamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flo og fjøre i Bergen er berre pluss/minus ein halv meter, men ved sterk nordavind og springflo kan sjøen gå langt høgare. I 1570 stod vatnet så høgt at ein ikkje kunne gå på Torget. Vidare oppstod stor skade på mjøl og malt i buene på Stranden, og på fisken som var lagra på Bryggen. I 1589 vart det innhenta løyvet frå kongen til å anleggja eit bolverk som bølgjebrytar frå Nordnes til Borneskjær utanfor Tollboden, men dette vart aldri realisert. I desember 1674 var nordveststormen så sterk at skip som låg for anker, dels dreiv inn til Torget og dels vart slått mot buene på Stranden, så både fartøy og buer vart øydelagde - medan eit hus i Dreggen bles på sjøen og drev innover Vågen med folk i. Eit lite fyrtårn kom opp på Nordnes i 1839. Lindesnes hadde fått det første fyret i landet i 1655, medan det lenge var mogleg for skip som kom Bergen i mørke, å forfeile Vågen.[1]

Planen om ein bølgjebrytar vart verkeleggjord i åra 1863–1868 med ein 100 meter lang og sju meter brei molo med fortøyingsringar på begge sider, kalla «Moljen», avløyst av Skoltegrunnskaien under første verdskrigen. På austsida av moloen vart det i 1867 oppført eit ni meter høgt fyrtårn av støypejern.

Tilgjengekontroll ved innkjøring til Skoltegrunnskaien som ein del av ISPS-koden

I 1909 målbar havnestyret ideen om ein stor utstikkar ved Festningskaien. Sjølv om denne Skoltegrunnsutstikkaren ikkje var med i hamneplanen av 1903, vart forslaget vedteke i bystyret i 1910.

Hamneingeniørvesenet byrja kaibyggearbeidet på den ytre halvdelen av utstikkaren. Dette måtte gjerast før den gamle moloen kunne rivast, for å unngå at Vågen vart liggjande uverna. Til arbeidet måtte det mykje fyllmasse til, skaffa frå utsprengninga av tunnelen for Fløybanen. Det vart lagt ein transportviadukt for skinnegåande trallar til Torget. Deretter vart massane overført til lekterar, og kaimurar vart bygde høge som 3-4 etasjars hus.

Skoltegrunnsutstikkaren stod ferdig i 1917; han var 335 meter lang og 40 meter brei. Heile anlegget med vareskur, kranar og kaispor stod ferdig i 1921. Bygginga av utstikkaren var ein komplisert og stor arbeidsoperasjon, og den største, dyraste og mest tidkrevande i historie til hamnevesenet til då.

I åra 1956-1958 og i 1964 vart kaia utvida og eit nytt ekspedisjonsbygg reist. I 2005 var den samla effektive kailengde 664 meter, og han var hovudkai for passasjertrafikk i utanriksfart. Skolten er i dag avstengt område, underlagt ISPS-regelverket (International Ship and Port Facility Security Code), ein internasjonal standard meint å førebyggja terror og sabotasje.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]